Helgesamling og tur til Svanøy

Dato

21.09.2019

22.09.2019

Tid

11:00

14:00

Inngang

Pr pers i dbl rom: kr 2.400, tillegg for enk rom: kr 200. Overnatting fredag-lørdag inkl frukost, pr rom: kr 1000

Åpent for

Sted

Quality Hotel Flørø

Kontaktperson

Vidar Myren, tlf.: 913 11 283 eller Annfrid Skartun, tlf. 913 08 913

Diabetesforbundet Sogn og Fjordane har i år 30-års jubileum, og vi vil i den anledning nytte høvet til å invitere medlemmane på ein flott tur til Florø og Svanøy. Under opphaldet skal vi bu på Quality Hotel Florø. Vi møter opp på kaia i Florø kl. 11.00 laurdag. Der ventar taxibåt som skal skysse oss til Svanøy. Der blir det besøk på Svanøy røykeri (med smaksprøver) og deretter får vi omvising på Svanøy Hovedgård. Der skal vi også ete lunsj. Retur til Florø vert med rutebåt. Vi reknar med å vere tilbake i Florø ca. kl. 16.00. Kl. 17.00 blir vi ønskja velkomen til eit besøk med omvising på Kinn Bryggeri. Der får vi vite litt om historia til bryggeriet, omvising og gjennomgang av bryggeprosessen. Det vert også smaksprøver for dei som ynskjer det. Laurdag kveld vert det middag på hotellet med påfølgjande hyggjeleg samvær. Søndag etter frukost vil forbundsleiar Sverre Ur halde foredrag om det siste nye som er tilgjengeleg innan brukarutstyr og medisinar. I tillegg vil Ingrid Solli halde foredrag om pumper og måleutstyr. Charlotte Grane vil informere om diabetesmedisinar og bivirkninger. Vi avsluttar søndag med lunsj på hotellet. Påmelding innan: 30.08

Send sidens lenke til en venn