Til born og unge med diabetes. Me ynskjer å invitere deg, saman med sysken og foreldre til bowling-treff på Førde Bowlinghall, Halbrendsøyra 2, Laurdag 6.november fra kl.12-15:00. Me bowlar ei stund, før me rundar av med pizza Dollie Dimples til alle saman. I tillegg får ein sjanse til å treffa andre born og unge som også har diabetes. Skriv namn og alder på den som er medlem i Diabetesforbundet og kor mange ein blir totalt. Gje oss også melding om eventuelle mat-allergiar. Arrangementet er gratis for heile familien. Velkomne skal alle vere. Dette blir kjekt. Da er begrensa plass, så me ber om påmelding så fort som mogeleg og seinast innan 27.oktober til epost: vestland@diabetes.no.
|