Markering av verdas diabetesdag 14 november.

Dato

14.11.2019

Tid

15:30 til 18:30

Inngang

Gratis

Åpent for

Alle

Sted

HSD Senteret, Bremnes på Bømlo

Kontaktperson

Ole Johan Jensen

Diabetesforbundet Sunnhordland har i år lagt markeringa av verdas diabetesdag til HSD Senteret på Bremnes, Bømlo. Spennande foredrag ved overlege Heiko Bratke om Streetwise og IQ prosjekta. Bømlo Turlag og Stord-Fitjar Turlag informerer om aktivitetar for store og små. Mosjon er viktig for oss alle!

Send sidens lenke til en venn

Diabetesforbundet Sunnhordland har i år lagt markeringa av verdas diabetesdag til HSD Senteret på Bremnes, Bømlo

I underkant av 250.000 personar har diabetes i Noreg i dag. Rundt 28.000 av desse har diabetes type 1, medan rundt 220.000 er diagnostiserte med diabetes type 2. I tillegg kjem ei stor mengde som har diabetes type 2 utan å vita om det. Om ein legg statistikk til grunn er det i vårt distriktet om lag 1750 personar med diabetes.

Barnediabetesregisteret sin årlege rapport, med data frå 2018, viser at aldri før har så mange barn og unge fått diabetes type 1 i Noreg. 360 barn under 15 år fekk diagnosen i 2018 og totalt fekk 431 barn og unge diagnosen i 2018. 

─ Dette er ein av dei store gåtene i diabetesforskinga. Me veit ikkje årsakene bak diabetes type 1, ei heller kvifor fleire får diagnosen. Dette seier generalsekretær i Diabetesforbundet, Bjørnar Allgot.

Ved markeringa i år legg me ekstra vekt på dette og me har difor invitert ein av dei fremste fagpersonane på dette området for å fortelje om dette viktige teamet.

Overlege og spesialist i pediatri, Lektor UiB Heiko Bratke, som jobbar i Helsa Fonna Haugesund, skal fortelje om det spennande Streetwise prosjektet, ein ungdomsrettleiar der konseptet er at ein lèt mange kollegaer frå ulike barneavdelingar delta i å skriva ulike kapittel, slik at rettleiaren til slutt òg blir brukt på flest mogleg avdelingar. Rettleiaren går på ulike tema som mellom annan alkohol, reise, rusmiddel, sex og prevensjon, tatovering, trening eller å vera kjærast til ein med diabetes. Det fanst allereie noko tilsvarande i Storbritannia som ein hadde lyst å ta over til Noreg.

Han vil òg fortelja om kvalitetsbetringsprosjektet IQ Noreg der 9 barneavdelingar har forbetra resultata sine for langtidsblodsukker betydeleg, og som har gjort Haugesund til ein av Noregs beste barneavdelingar på dette området. 

For alle som skal regulere blodsukker, og alle andre, er mosjon og trening viktig. Me har difor også invitert Bømlo Turlag og Stord-Fitjar Turlag til å fortelje om dei mange aktivitetane dei har for store og små og for å inspirere alle til meir aktivitet.  

Om ein vil trena inne vil SkyFitness på Kuben vere med og informera om kva dei har av utstyr og rettleiing.

Hos Sport1 Bømlo kan ein sjå nyheiter innan klede og sko som er gode ha når ein skal ut på tur eller på trening.

Alle er velkomne, enten ein har diabetes type 1, type 2 eller ein er type 3. Type 3 er ein person som ikkje har diabetes men som har ein nær relasjon til ein med diabetes, til dømes familie, slekt, nabo eller kjærast.